tirsdag 26. januar 2010

Ein sykkeltur eg ikkje skal kopiere

Aleksander Gamme og Erik Gran Kvaase syklar Sahara frå nord til sør på tandemsykkel. Eg bøyer meg i støvet, eller sanden. Ikkje mykje skugge å finne der (skugge er truleg det beste eg veit om sommaren). Meir om turen på NRK

torsdag 14. januar 2010

Vinter ingen hindring

Sykkelglede lar seg ikkje stoppe av nokre minusgrader. Å vente på våren er ikkje aktuellt for ein ivrig kvardagssyklist. Her ein dag dag hadde eg ein slik ein innom verkstaden for å få orden på sykkelen i 10 minus - for som han sa: "ellers må eg køyre bil, og det gidd eg i alle fall ikkje."