onsdag 4. august 2010
25.000 kilometer
Etter om lag eit på vegen er dei tre kameratane Øyvind Handberg, Jørn Wichne Pedersen og Andreas Doppelmayr framme på sydspissen av Sør-Afrika. Turen som starta på Nordkapp kan du lese meir om på nrk.no
mandag 5. juli 2010
onsdag 21. april 2010
Ferieplanar?
Hugsar du kombicampen? Husteltet med tilhengar som var så populært for nokre tiår sidan. No, endeleg (...), er kombicamp til sykkel komen på marknaden! Fantastisk :-)
tirsdag 26. januar 2010
Ein sykkeltur eg ikkje skal kopiere
Aleksander Gamme og Erik Gran Kvaase syklar Sahara frå nord til sør på tandemsykkel. Eg bøyer meg i støvet, eller sanden. Ikkje mykje skugge å finne der (skugge er truleg det beste eg veit om sommaren). Meir om turen på NRK
torsdag 14. januar 2010
Vinter ingen hindring
Sykkelglede lar seg ikkje stoppe av nokre minusgrader. Å vente på våren er ikkje aktuellt for ein ivrig kvardagssyklist. Her ein dag dag hadde eg ein slik ein innom verkstaden for å få orden på sykkelen i 10 minus - for som han sa: "ellers må eg køyre bil, og det gidd eg i alle fall ikkje."
Abonner på:
Innlegg (Atom)