søndag 15. november 2009
The Ride
Kom over denne musikkvideoen på BikeSnob NYC: Len deg tilbake og nyt videoen (og pass på å få med heile slutten) - The Ride
onsdag 11. november 2009
Sorry Mate, I Didn't See You
Visste du at det finst eit eige radioprogram for syklistar? Overskifta er tema frå det nyaste programmet. The Bike Show er fyllt med gode intervju, reportasjar etc frå alle aspekt i syklingens verd. Du kan spille den av direkte eller laste ned som podcast. Anbefalt!
We love them all
Fort eller sakte - spandex eller tweed - alle stilar er like velkomne: The Need For Speed (Or Not)
tirsdag 3. november 2009
søndag 27. september 2009
Kor mange kantar har ein sirkel?
Kunstnaren Arne Öhnell sin sykkel, fotografert på Vevringutstillinga 2009.
torsdag 17. september 2009
onsdag 13. mai 2009
Ei tale for sykkelens far
Fann ein fin liten artikkel på Folkevett.no om gleden ved å sykle og om den moderne sykkelens far - Du gode Jul av Trond Wormstrand.
torsdag 7. mai 2009
Ute ein tur - kjem plutseleg tilbake
Nytt forsøk - lenge sidan sist her på Pedalkraft. Tilbake, inspirert av ein artikkel på DN på nettet om nye sykkeltrendar. Sykkel er i skuddet, og utvalget av ulike typar er stort.
Frå USA (der det har vore trend lenge i storbyar som New York og San Fransisco) kjem singlespeed, og kulast av alle - fixed gear. Felles for desse to typane er ingen gir og ellers minst mulig utstyr på sykkelen. Fixed gear er den mest ekstreme då den i tillegg er utan frihjul. M.a.o. - du må trø heile tida, som på ein trehjulsykkel. Resultatet er ein lett sykkel med ein utruleg respons. Sykkeltypen har sitt utspring frå banesykkelen, og trenden starta blandt sykkelbud som hadde behov for ein rask og solid sykkel som krev lite vedlikehald.
Ta ein titt på denne filmen her. Når ser vi den første fixed gear-sykkelen heromkring?

onsdag 18. februar 2009
torsdag 22. januar 2009
Godt i gang
Snart ferdig med andre veke som sykkelreperatør (og skimontør - det er vinter og skisesong). Neste veke vert det mekkekurs i Oslo tysdag til torsdag - rapport kjem.
Er du ein sykkelfrik? Då har du kanskje høyrt om Sheldon Brown. Om ikkje er det på tide å gjere seg kjent med denne legendariske sykkelaltmuligmannen på sheldonbrown.com. Brown døydde i februar 2008, men nettsidene hans er der enno, fulle av teknisk info og sykkelhumor.

søndag 11. januar 2009
Godt nytt år!
I morgon er eg i gong med min nye jobb som sykkelreperatør. Yesss! Herifrå skal det bli mykje nytt stoff på bloggen her. Eg opnar det nye året med eit fint motto frå ei heimesnekra sykkelkorg, funne på Bikehugger: Life is good. Enjoy the little things. Godt nytt år!
Abonner på:
Innlegg (Atom)