torsdag 20. november 2008

Sykkelmoro

Litt humor på ein mørk haustkveld - ein liten filmsnutt med nokre overraskande vendingar...

mandag 3. november 2008

Birken i blinde!

Er det mulig? Blinde Tore Henriksen kasta seg ut i det 91 kilometer lange Birkebeinerrittet, og i kveld kan du sjå han i programmet Faktor på NRK1 kl.19.55.

lørdag 1. november 2008

Mitt nye kontor

Frå midten av januar skiftar eg beite, og går frå kontor til sykkelverkstad. Planen for bloggen her er å presentere sykkelstoff og lenkar av ymse slag. Først ute er The Bike Show - blogg og podcast om sykling i alle former. Mange gode intervju som podcast du kan laste ned eller høyre på direkten på nettet.